Frå 1. januar 2025 pensjonerer tannlege Tor Skutle og klinikkassistent Astrid Mangersnes seg.
Sondre Villanger Håland kjem til å ta over drifta, og det vert tilsett ny tannlege og klinikkassistent i januar, som vil bidra til at alle pasientar vert ivaretatt og innkalt som vanleg.
Tannlege Tor Skutle vil rette ei takk til alle pasientar gjennom mange år.
Me vonar de framleis vil vere pasientar hjå Manger Tannlegesenter og ta godt i mot det nye tannhelseteamet vårt.
Oppdateringar kjem på heimesida og på facebook snart.
Eventuelle spørsmål kan rettast på telefon 56371038 eller på epost resepsjon@mangertannlegesenter.no
Venleg helsing
Tor Skutle og Sondre Villanger Håland